Folgefonn FerieGard · P.box 7 · 5486 Rosendal · Tel: (+47) 53 48 00 40 · ePost: rosendal@folgefonn.net

  Norsk



  English



  Deutsch



  Hovudside



  Ferie & Fritidstilbod



  RauaLøo



  Samarbeidspartnar



  Garden



  Visjon



  Reiseinfo



  Kontakt



  Lenkjer





Velkomen til Rosendal
og Folgefonn FerieGard

Du finn oss på austsida av Hardangerfjorden i Kvinnherad kommune. I baroniebygda Rosendal, mellom fjord og fonn.
Her på dørstokken til Folgefonna Nasjonalpark, omkransa av dei sørlegaste alpine fjellformasjonane i landet, har vi gleda av å tilby:

• Feriehus med god standard ved sjøen
• Overnatting i siloen, vår spesielle brudesuite
• Kurs- og konferanser
• Tradisjonsrike matopplevingar
• Spesielle aktivitetsopplegg
• Villmarksturar
• Gardsopplevingar i form av saueettersyn i fjellet
• Sal av miljøkjøt

Kor vi snur oss, er det berre eit steg ut i eventyret, eit eventyr vi gjerne deler med deg.
Med dette ynskjer vi deg hjarteleg velkomen!

Dette skjer i Rosendal & omegn:
Mai: ROSENDAL Fest
Juli: Rosendal mat & kunstfestival
August: Festidalen
Rosendal FjellStreif & Rosendal NutenOpp 2014

Finn info om Rosendal;
Rosendal på nett

Om du ikkje køyrer sjølv, anbefaler vi Hardangerfjord Ekspressen direkte frå Bergen, via Flesland og Os, til Rosendal på det varmaste. Du vil få ei naturoppleving for livet!
Sjå Hardangerfjord Ekspressen


Helsing
Marian Thunold & Jostein Hatteberg
vertskap

tel (+47) 906 91 301(M) & 489 94 213(J)
ePost: rosendal@folgefonn.net